Kompetansehevande kurs for frivillige lag og organisasjonar

Klikk for stort bilete 

Til frivillige lag og organisasjonar i Møre og Romsdal, 

Møre og Romsdal fylkeskommune og Frivillighet Norge ynskjer å invitere til eit kompetansehevande kurs for frivillige lag og organisasjonar. 

Tematikken er mellom anna korona og konsekvensar for frivilligheita, korleis vere synleg og drive kommunikasjon, med meir.

Tidspunkt: Torsdag 11.juni frå 10.00-13.00, på den digitale plattforma Zoom. 

Meir om kurset og påmelding 

Kurset er i utgangspunktet retta mot regionledd og paraplyorganisasjonar i fylket, men også lokalledd av organisasjonar i Møre og Romsdal kan delta. Kurset vil verte halde i regi av Frivillighet Norge.

Det er digitalt, gratis og krevjer påmelding for å få tilgang til innlogging. 
Ein kan lese programmet, og melde seg på på linken nedanfor. NB: Programpostane vil kunne verte justert. 

Vel møtt til ei inspirerande samling!