Kommuneoverlegen minner om smittevernreglane etter ferien

Koronafaren er her fortsatt, og vi må alle innstille oss på å leve etter «den nye normalen» i lengre tid framover. Vi må vere førebudd på at vi kan få lokale smittetilfelle og utbrot.

Dei siste vekene har vist oss at koronapandemien på ingen måte er over – verken nasjonalt eller internasjonalt. Koronaviruset er fortsatt like smittsamt og like farleg for utsette grupper.

Mange kjem no heim frå ferie etter å ha vore på reise både innanlands og utanlands og skal mellom anna tilbake til jobb, skule, barnehage og fritidsaktivitetar. Mange har vore sosiale og vore saman med familie og vener. Det er derfor auka smittefare no. 

Den nasjonale dugnaden er ikkje over, og vi må alle saman hjelpe til.

Vi minner om smittevernreglane:

  • Hugs god handhygiene, vask hendene ofte
  • Hald avstand, minst 1 meter
  • Hald deg heime dersom du er sjuk eller har forkjølingssymptom og ta kontakt for koronatesting
  • Du skal vere heime til du er symptomfri (sjølv om koronatesten er negativ) for å unngå å smitte andre med for eksempel forkjøling slik at dei også må halde seg heime, bli testa osv.

Sjukdomstilfelle må oppdagast fort slik at vi kan få stoppa vidare smittespreiing. Den nasjonale strategien for å finne smitten og avgrense den er kalla TISK: Testing. Isolering. Smittesporing. Karantene.

Det er svært viktig at folk ikkje nøler med å ta kontakt for koronatesting ved symptom. Jo raskare smitte blir oppdaga, jo lettare er det å få stoppa vidare smittespreiing.

Telefon for koronatesting: 90 83 07 20 (kl. 08.30-11.15 og 12.30-13.45, man – fre).

Kommunen har etablert ei smittesporingsgruppe. Arbeidet med smittesporing skal starte straks vi får melding om eit nytt sjukdomstilfelle.

Vi minner om at det ved arrangement må vere ein ansvarleg arrangør som har ansvar for smittevern og at det blir ført liste over deltakarar med kontaktinformasjon i tilfelle behov for smittesporing. Her finn du veiledar for arrangement og gruppestørrelse.

Kommuneoverlege Unni Natås oppmodar alle saman til å halde fram med den nasjonale dugnaden. Med felles innsats kan vi halde halde samfunnet ope så godt som råd og saman berge liv. Takk for at du bidreg!

symbol smittevern - Klikk for stort bilete

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende