Kommunen riggar for det ukjende

Delar av krisestaben møtte pressa for å orientere om planlegging for ei mogleg komande korona-bølge. Frå venstre ordførar Stein Aam, beredskapskontakt Per Ivar Lied, kommunedirektør Wenche Solheim, Seksjonsleiar for Helse og velferdstenester, Kristin Vik, kommuneoverlege Marte Vaage Øie, Seksjonsleiar barnehage, Reidun Mo, og konstituert seksjonsleiar for seksjon skule, Bjørn Osdal.

  

 

Helsedirektoratet har varsla kommunane i landet om at det kan kome ei ny koronabølge. I samband med dette møtte delar av krisestaben pressa for å informere om den nye bølga som kommunane no må vere budde på kan kome. For akutte situasjonar er det oppretta ei beslutningsgruppe som saman med kommuneoverlegen raskt kan ta nødvendige avgjerder. Om det skulle bli naudsynt er det også oppretta kontakt med Røde Kors, Sanitetsforeininga og Sivilforvaret og Heimevernet, slik at desse kan trå til om det skulle bli behov for det.

– Vi etablerer no eit kommunikasjonsapparat som skal fungere godt ved ei eventuell ny bølge, med kommandolinje og beslutningsmynde som kan ta effektive avgjerder om det skulle bli aktuelt, seier ordførar Stein Aam.

Planar for alvorleg scenario

– Då pandemien trefte i 2020 blei det lagt mange planar, for då visste vi ikkje kor alvorleg situasjonen skulle bli, seier kommuneoverlege Marte Vaage Øie. – Desse planane er no nyttige for oss som ei førebuing til det som KAN kome. Vi har gjort oss ein del erfaringar dei siste par åra som gjer at vi no kan tilpasse dei planane som blei lagt i starten av pandemien. Vi planlegg for ting som vi håper ikkje skal skje, men myndigheitene ber oss ha ein plan for dei verste scenarioa. Enkelte trur at vinteren 2022 blir den verste i pandemien, så det er det vi no tek høgde for. Men det er viktig å understreke at det ikkje er smittesituasjonen i Ørsta slik den er no som gjer at vi planlegg slik vi gjer.

Vi har allereie sett ei stor utfordring med sjukefråvær, då særleg mellom tilsette i skular, barnehagar og i helsevesenet. Vi må planlegge for at vi i tillegg til korona også kan få oppbløming av influensa og RS-virus. Vi må førebu oss på eit såkalla scenario 3, som myndigheitene no ber oss legge planar for. I eit scenario 3 ser ein føre seg at vaksinane ikkje verkar mot nye variantar av viruset, samtidig som ein har ein tøff influensasesong.

Ein viktig ting i denne samanhengen er at mange vaksinerer seg. I Ørsta har det vore god oppslutning om vaksinen, og målet er at alle over 18 år har fått tilbod om 3. dose innan utgangen av februar. Ein kan også bestille time for vaksinasjon på eiga hand.

Hjelp frå frivillige, sivilforsvar og heimevern

Per Ivar Lied er beredskapskontakt i kommunen, og fortel at Ørsta Røde Kors og Ørsta Sanitetsforening allereie har vore involvert med vaksinasjon. Også andre frivillige og pensjonistar har delteke i vaksinasjonsprogrammet. Sivilforsvaret og Heimevernet er varsla om at det kan bli behov for dei om vi får ei kraftig bølge, slik at dei kan stille på kort varsel om det trengs.

Tiltak i skulane blir vurdert rett før skulestart

Konstituert seksjonsleiar for Seksjon skule, Bjørn Osdal, fortel at skulane er klare til å sette inn naudsynte tiltak om det blir behov. Kva som trengs vil kunne variere frå skule til skule, og ein vil vurdere eventuelle tiltak når skulestarten nærmar seg etter nyttår. Mellom anna kan det bli aktuelt med heilt eller delvis heimeskule, men vi vil så langt som råd forsøke å unngå det. Korleis det blir vil det bli informert om fram mot skulestart. Kommuneoverlegen understrekar at det er stort fokus på at skulestarten etter ferien vil skje på ein så god måte som mogleg.

Stor takk til dei tilsette og innbyggjarane

Seksjonsleiar for Helse og velferdstenester, Kristin Vik, vil takke dei tilsette for den innsatsen dei har lagt ned i korona-tida. – Vi er førebudde på at eit større utbrot vil kunne råke tilsette og pasientar, og i ein slik situasjon vil vi vere nøydde til å prioritere det viktigaste først. Det kan i verste fall gjere at tilbodet blir nedskalert, og at enkelte vil få mindre hjelp. Vi er ikkje der no, men vi er budde på at dette kan bli aktuelt.

Når det gjeld restriksjonar på besøk i institusjonane, så er det ikkje stengt nokon stad no, og vi ønsker at folk skal få treffast. Men vi oppmodar pårørande å vurdere kor mange besøk som er nødvendig. Det handlar om at vi må ta vare på kvarandre.

Ei stor takk går også til innbyggjarane som vi ser er flinke til å følge råd og reglar i denne langvarige pandemien.

Følg oss