Kommunane i Sjustjerna tek i bruk ny norsk app på helsestasjonane

Helseoversikt er namnet på ein ny norsk og gratis app som er utvikla i tett samarbeid med helsepersonell og kommunal helseteneste. No kan gravide og småbarnsforeldre få trygge svar samla på ein stad.   

- Her vil ein finne helseråd frå dei riktige kjeldene, og nyttig verktøy gjennom heile svangerskapet og i småbarnsfasa. Helseoversikt er eit godt supplement til vår eigen Helsestasjonsportal, og har fordelen at den kan gi deg relevant og målretta informasjon ut i frå kvar du er i svangerskapet eller alder på barnet ditt. Ved å bruke Helseoversikt slepp du å bli utrygg ved å søke rundt på internett, seiar prosjektleiar Inge Pettersen.


I appen vil ein også finne informasjon om tilbodet frå helsestasjonen i din kommune. I tillegg til norske helseråd frå riktige kjelder, inneheld den også mange nyttige verktøy som blant anna oppgåver ein må huske å gjere, timeavtalar, rieteller, sparketeller og mange nyttige videokurs.

Appen er i løypande utvikling og det vil komme stadig nye funksjonar med formål om å gje gravide og småbarnsforeldre ein tryggare og enklare kvardag. Helseoversikt takast i bruk som ein del av Sjustjerna-prosjektet «Digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste», der kommunane i Sjustjerna også vil bidra til vidareutvikling av appen gjennom tidleg testing av nye funksjonar og ein direkte dialog med Helseoversikt AS kring ønska funksjonar og innhald.

Last ned appen i dag ved søke «Helseoversikt» i AppStore eller Google Play.

Følg oss