Kom UT! i haustferien

Sunnmøre Friluftsråd Friluftsrådet inviterer til Kom UT! i Ørsta torsdag 10.oktober kl 9-15 ved Velle skule. 

Friluftsrådet tilbyr eit gratis alternativ til sofa og nettbrett for barn på dagtid: Kom UT!. Dette er eit aktivitetsopplegg ute uansett vêr frå kl. 9-15. Inga påmelding, det er berre å møte opp og bli så lenge ein har lyst. (Fordi det ikkje er påmelding kan ikkje friluftsrådet ta ansvar for når barna kjem og går, det må dei avtale med foreldra sine.)

Aktivitetane blir tilpassa dei som kjem, men leiarane våre har planlagt ting som taubruer, spikking, vikingleikar, vedhogging, rebusløp og matlaging på bål (grilling) for dei som har med mat til det + litt til. Foreldre som har tid og lyst til å vere der saman med barna sine er sjølvsagt også velkomne.

Info på nettsida til Friluftsrådet
Sjekk også gjerne Facebook
 

Følg oss