Kom med framlegg til representantar til ungdomsrådet!

Illustrasjonsfoto: Ungdomsrådet

Det er no høve til å kome med framlegg til representantar til nytt ungdomsråd, som skal veljast i november.

Ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane får kome med framlegg til representantar, men også lag og organisasjonar som har ungdom som medlemmer.

Representantar i ungdomsrådet skal vere ungdommar, og kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet. Elles er det uttalt at ungdomsrådet skal ha ei brei samansetting både når det gjeld erfaring og bakgrunn, samt geografisk tilhøyrsle i kommunen.

 

Send inn framlegget:  

Representantar kan meldast innan 1. november, til Hans Robert Bondhus på e-post: hans.robert.bondhus@orsta.kommune.no

Forslaga må innehalde namn, kontaktinformasjon, alder, klassetrinn/skule(om personen er skuleelev) og kva organisasjon som har foreslått personen/personane.

 

Følg oss