Jula er også ei tid for refleksjon og omtanke. Vi veit at ikkje alle møter høgtida med glede. Difor vil eg minne om kor viktig det er at vi tar vare på kvarandre. Kanskje kan eit lite smil, ein telefonsamtale eller ein invitasjon til ein kaffikopp bety meir enn vi anar.
2024 har vore eit år med både oppturar og utfordringar. Ørsta kommune må tilpasse drifta både til dei rammevilkåra vi får frå staten og demografiendringane, med mindre barnekull og fleire eldre over 80 år. Dersom vi skal klare å levere gode tenester til dei som treng det mest i åra som kjem, så må vi tilpasse tenestetilbodet der vi i dag har for mykje kapasitet. Det er fleire årsaker til dei økonomiske utfordringane, men det er lånegjeld som er den største utfordring no når renta er høg. Det er mange kommunar rundt om i Noreg som har dei same utfordringane og Ørsta er på ingen måte åleine om å ha det slik.
Sjølv om det økonomiske handlingsrommet vårt ikkje er så stort lenger, så skjer det mykje spanande utvikling i Ørsta. Velle skule opna no i haust og det er ein flott skule. Planlegginga av Ørsta kultur og kompetansesenter går framover. Her skal Møre og Romsdal fylkeskommune bygge ein heilt ny vidaregåande skule. Ein skule som sikrar at Ørsta får viktige arbeidsplassar og kompetanse til næringslivet, og ungdommane våre får nye skulelokale som skal inspirere til lærdom og vekst.
Det treng vi for Ørsta har eit næringsliv med sterk framtidstru og vilje til vidare satsing. Det ser vi i alle dei planane som det no vert arbeida med. Eg har stor tru på ei positiv utviklinga i næringslivet i Ørsta i åra som kjem.
I Ørsta er det mange lag og organisasjonar som gjer ein stor innsats på mange område. Den samla innsatsen frå dei frivillige organisasjonane er svært stor og samfunnet vårt er heilt avhengig av det arbeidet som vert lagt ned. Tusen takk for innsatsen.
Kvart år delar Ørsta kommunen ut prisar på kommunestyremøtet i desember. I år gjekk næringsprisen til Lars Oscar Øvstegård, medan kulturprisen gjekk til Marta Lystad Johansen og eldsjelprisen til Røde Kors. Gratulerer så mykje.
Ei helsing også til medarbeidarane i Ørsta kommune som kvar dag leverer tenester av god kvalitet. Den jobben som de gjer er heilt avgjerande for livskvaliteten til mange av innbyggarane våre. Tusen takk for jobben de gjer.
God jul og godt nyttår til alle i Ørsta.
Per Are Sørheim
ordførar