Jobbmesse for Søre Sunnmøre

NAV - arbeidsmesse.jpg - Klikk for stort bilete

NAV Møre og Romsdal arrangerer jobbmesse i Ulstein Arena 20. september 2018.

NAV opplever auka etterspurdnad  etter arbeidskraft frå  fleire bransjar. 20. september møter meir enn 40 verksemder med rekrutteringsbehov i Ulstein Arena for å møte menneske på utkikk etter ny jobb.

NAV er positiv til responsen frå næringslivet. Mange verksemder melder at dei har rekrutteringsbehov, spesielt innan Bygg og Anlegg. Men også hotell, verft, maritim industri  og andre har behov for arbeidskraft.  Vi oppmodar alle som er klar for ny jobb,  både arbeidsledige og jobbskiftarar, om å ta med seg CV i fleire eksemplar og møte i Ulstein Arena onsdag 20. september. Jobbmessa er gratis både for utstillarar og besøkande.

Messa er open frå 12.00 – 15.00.
 

Du finn ytterlegare informasjon her:https://www.nav.no/no/Lokalt/More+og+Romsdal/Jobbmesser/Jobbmesse-i-ulsteinvik-20.september-2018

 

Kontaktpersonar:

  • Anders Norvald Hammer, leiar NAV Hareid og Ulstein. Tlf 41635839
  • Oddvor F. Hovden, marknadskoordinator for NAV-kontora på Søre Sunnmøre Tlf. 48252094

 

Fant du det du lette etter?

Chat ikon

NAV Ørsta/Volda Ivar Aasengate 10 NAV Ørsta/Volda Ivar Aasengate 10
55553333

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende