Ivaretaking av vaksne og born som pårørande ved alvorleg sjukdom

Klikk for stort bilete
Felles palliasjonssatsing for sju kommunar, Sjustjerna helse- og omsorg og Volda sjukehus

Kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Ørsta, Volda, Vanylven (også kalla Sjustjerna) og Volda sjukehus har dei siste fire åra hatt ei felles satsing på kompetanseheving i palliasjon. Vi har innført palliative verktøy som palliativ plan, ESAS-r (Edmonton Symptom Assessment System), dei 4 viktigaste medikamenta i lindrande terminal behandling og etisk refleksjon, som ein viktig del av denne satsinga. Dette har ført til at dei sju kommunane har blitt meir samkøyrde og det er betra samhandling med lokalsjukehuset. 

Ut i frå dette samarbeidet kom det fram ynskje om å starte eit felles prosjekt igjen. Vi ser at det er behov for ei meir systematisk oppfølging av pårørande og etterlatte både i kommunane og lokalsjukehus. Tilbodet er ulikt, enkelte stadar er det ingen tilbod i høve oppfølging av pårørande og etterlatte. Vi ynskjer å utvikle eit likt tilbod uavhengig av kvar ein bur.  

Etterlatte som hittil har fått tilbod om samtalar, har gitt uttrykk for at det har vore nyttig. Vi ser også nytta av å få tilbakemeldingar for å kunne bli betre hjelparar. Vi ynskjer at eit slikt tilbod ikkje skal vere personavhengig slik som no, men bli sett i system.

I møte med born som pårørande, opplever vi at vi ikkje har eit godt nok system i dag for å kunne ivareta dei best mogleg. Samarbeidet på tvers av profesjonar bør styrkast og vi ynskjer tettare samarbeid med helsesjukepleiar i kommunane.

Vi ynskjer med dette prosjektet å innføre dei same planane og verktøya for å få til ei mest mogeleg saumlaus teneste i dei sju kommunane og Volda sjukehus. 

Vi har etablert eit prosjekt som skal gå over tre år: 2019 – 2021.

•    1. år har fokus på etterlattekonvolutt og etterlattesamtale i heimetenesta, institusjon og Volda sjukehus. 
•    2. år har fokus på «Veileder om pårørende i helse- og omsorgssektoren» og kartleggingsverktøyet CSNAT. 
•    3. år har fokus på å etablere barneansvarleg i dei sju kommunane, der Volda sjukehus allereie har barneansvarleg. Born som pårørande og barneansvarleg må implementerast i journalsystem i den enkelte kommune.