Ivar-Otto Kristiansen vert ny teknisk sjef

Ørsta kommune vil med glede presentere Ivar-Otto Kristiansen som ny seksjonsleiar ved tekniske tenester frå 1. august. Han vil fram til dette halde fram i stillinga som prosjektleiar ved seksjon eigedom.
Ivar-Otto Kristiansen har ein master i økonomi og administrasjon MBA (tech mag), bygd på bachelor økonomi og administrasjon med spesialisering i logistikk. Han har vore tilsett som prosjektleiar i Ørsta kommune to siste åra. Før dette har han arbeidd som prosjektleiar i mellom anna Rolls Royce, Tingstad og Vik Ørsta. Kristiansen har noko leiarerfaring frå Aluscan og Langset AS. Han har erfaring frå omstillingsprosessar både i Langset AS og i Vik Ørsta.
Tilsetjingsutvalet har arbeidd grundig med tilsetjingsprosessen, og er einstemmige i at Kristiansen er den best kvalifiserte til stillinga.
Publisert 11.06.2019 13:14