Inviterer til fagdag om covid-19 og eldre

Gerhard Hauge og kona Kristi frå Sande kommune, fortel si covid-19-historie. Foto: Privat - Klikk for stort bileteGerhard Hauge og kona Kristi frå Sande kommune, fortel si covid-19-historie. Foto: Privat 

I år vert temaet covid-19 og eldre når ein for første gong inviterer inn til heildigital fagdag i geriatri.

Alle dei sju kommunane på ytre søre, sjukehuset i Volda (HMR) og Høgskulen i Volda har i fleire år samarbeidd om felles fagdagar for helsepersonell. Samarbeidet dreg veksel på ulike kompetanseområde, og felles kompetanseheving.

Kvart år er det felles fagdag i geriatri (læra om sjukdomar som opptrer i alderdomen) barne-og ungdomspsykiatri og psykiatri mellom samarbeidet i dei sju kommunane.

Fagdag i geriatri er fast siste veka i januar. I år vert den for første gong, av naturlege årsaker, gjennomført som webinar. Høgskulen i Volda er ansvarleg for den praktiske gjennomføringa av webinaret. Arbeidsgruppa består av praksiskonsulent og fastlege Stian Endresen, rådgjevar ved sjukehuset i Volda, Mona Ryste, einingsleiar korttidsavdelinga Ørsta omsorgssenter, Dagrun Opsal, seniorrådgjevar for ekstern aktivitet og FOU ved Høgskulen i Volda, Bjørn Gunnar Tafjord og koordinator i Sjustjerna helse og omsorg, Gro Anette Frøystad Voldsund.

Ei personleg historie om covid-19

- Vi får høyre Gerhard Hauge og kona Kristi frå Sande kommune, fortelje si historie. Gerhard var innlagt med covid-19 i vår, og var veldig dårleg. Kona hans var også smitta. Korleis opplevde dei desse månadane? Kva var viktig for dei i denne nye, og ukjente situasjonen? Ekteparet vil bli intervjua i studio (på høgskulen), av Stian Endresen, fortel koordinator i Sjustjerna helse og omsorg, Gro Anette Frøystad Voldsund.

Elles vil ordførar i Volda kommune fortelje om akuttkrise, læring og vekst i samband med pandemien, og fagsjef i nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse viser oss kva konsekvensar isolering av eldre kan få. Prosjektleiar for velferdsteknologi i Sjustjerna tek oss gjennom styrking og meistring når ein må gjere ting sjølv, og innovasjonsrådgjevar i HMR viser oss videoløysingar og digitale moglegheiter. Avslutningsvis vil lungelege ved sjukehuset i Volda snakke om palliasjon (lindrande behandling i livets siste fase) og covid-19.

Meld deg på

Frist for påmelding er tysdag 26. januar kl. 15.00

Påmelding