Invitasjon til Reiselivsmøte

Klikk for stort bilete Håvard Myklebust

Ørsta Næringskontor ynskjer i samarbeid med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre å invitere alle som driv med reiseliv i Ørsta-Volda regionen til eit møte om reiseliv.

Tid: Torsdag 1.oktober 2020 kl. 17.30 – 19.30

Stad: Havila Hotell Ivar Aasen, Ørsta

Påmeldingsfrist: 30.september

Påmelding

Med bakgrunn i at Ørsta Reiselivslag la ned si drift i 2019, vil Ørsta Næringskontor invitere reiselivsnæringa til eit møte for å etablere eit reiselivsforum. Forumet skal organiserast under Ørsta Næringskontor og vere eit talerør for næringa i aktuelle saker som medlemsbedriftene sjølve vil sette på agendaen. Målet er å etablere eit lokalt kontaktpunkt som bidreg til samarbeid og utvikling av reiselivsnæringa.

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre vil orientere om årets sommarsesong og planer for resten av året. Det vil også bli informasjon om framdrifta i masterplanarbeidet for reiseliv i Ørsta og Hjørundfjorden.

Velkomen til informasjon, diskusjon, og inspirasjon.