Innskriving skuleåret 2021/2022

Ørsta kommune er i gong med planlegginga av skuleåret 2021/2022. Alle skulepliktige born må innskrivast, også born som fekk vedtak om utsett skulestart førre skuleår.
Kommunen vil fatte eit vedtak om skuleplass på næraste skule, jf opplæringslova § 8-1: Borna blir plassert etter folkeregistrert adresse.
Alle som skal byrje i 1. klasse hausten 2021 vil få eit brev med tildeling av skuleplass. Dette brevet blir sendt ut om lag 18. januar. Føresette må logge seg inn i Ørsta kommune sin Oppvekstportal for å besvare dette tilbodet. Alle må gje eit svar. Svarfristen er 3 veker.
Brev med endelig tildeling av skuleplass blir sendt ut ca.1. mars.
Ørsta kommune si forskrift om tildeling av skuleplass finn du her.
Ta kontakt med Ørsta kommune seksjon skule ved Bjørg Engeset Gjersdal eller Mari-Anne J. Aarskog om det er noko de lurer på.
Publisert18.01.2021 12.39