Innskriving skuleåret 2020/2021

Klikk for stort bileteØrsta kommune er i gong med planlegginga av skuleåret 2020/2021­. Alle skulepliktige born fødde i 2014 må innskrivast, også born som fekk vedtak om utsett skulestart førre skuleår.

Kommunen vil fatte eit vedtak om skuleplass,  jf opplæringslova § 8-1. Alle som skal byrje i 1. klasse hausten 2020 har fått eit brev med tildeling av skuleplass.

Dette brevet vart sendt ut i 27. januar. Har du ikkje fått det, ta kontakt. Føresette må logge seg inn i Ørsta kommune sin Oppvekstportal for å besvare dette tilbodet. Alle må gi eit svar. Svarfristen er 2 veker, 15. februar.

Brev med endelig tildeling av skuleplass blir sendt ut medio februar
Ørsta kommune si forskrift om tildeling av skuleplass finn du her.

Ta kontakt med Ørsta kommune, seksjon skule ved Mari-Anne J. Aarskog eller Bjørg Gjersdal viss det er noko de lurer på.