Potensialet for Hjørundfjorden som aktivitets- og opplevingsområde er stort. "Kan vi få til eit innovasjonsprosjekt der både etablerte og nye aktørar er inne saman med forskingsmiljø" utfordra seksjonsleiar teknisk Rolf-Magnus Sundgot.
Fleire understreka at ein ikkje bør søke størst muleg volum raskast muleg, men at alle aktørar samarbeider og at ein i fellesskap kan tilrettelegge og bygge ut tilbod og aktivitetar som alle kan dra nytte av. Båt og ferje av avgjerande for både fastbuande og næringane, og ein eigen del av møtet fokuserte på båt-og ferjetilbodet der representantar frå samferdselavdelinga i fylket deltok.
Kommunen og næringskontoret vil legge fram forslag om ei form for overordna ramme for ulike delprosjekt, og saman med næringsaktørar arbeide for finansiering og gjennomføring.