Formannskapet med gjennomgang av Rapport Innkjøpsanalyse
Under formannskapsmøtet vart Rapport Innkjøpsanalyse gjennomgått, av Odin Prosjekt AS. Rapporten er bestilt på kommunen sitt eige initiativ for å få etablert ein heilhetleg, objektiv og strukturert framstilling av kommunen sine innkjøp av varer og tenester. Framstillinga skal gi grunnlag for å planlegge og iverksetje forbetringstiltak. Dette blir gjort for å sikre at lover og reglar på innkjøpsområdet vert fylgde, men også for å spare kostnadar eller sikre gode innkjøp som bidreg til forbetring og utvikling av kommunen sine tenester.
Les rapporten i si heilheit her
Kurs i innkjøpsregelverket
Det vart også halde kurs 5. februar, for leiarar og andre tilsette som driv med innkjøp i kommunen. Arild Johansen frå Odin Prosjekt AS gav eit godt innblikk i innkjøpsprosessen, der målet var at dei tilsette skulle få betre kjennskap til moglegheiter og restriksjonar ved innkjøp i det offentlege.
Agendaen for kurset:
- bakgrunn og regelverk
- planlegging av innkjøpet
- kunngjering og anskaffingsdokument
- lokale kjøp
- tilbod, forhandlingar og evaluering
- kontrakts- og leverandørstyring
Frå St.meld nr 36 (2008-2009) "Det gode innkjøp" kap. 5, s. 30:
"Innkjøp er ein av dei sentrale verksemdprosessane i alle offentlege verksemder. Leiinga i kvar enkelt verksemd er ansvarleg for at innkjøp av varer og tenester støttar opp under måla som er sette for verksemda, og at dei vert utførte i samsvar med gjeldande lovar og reglar. Dette ansvaret kan ein leiar ikkje delegere.
Leiarar har ansvar for å setje innkjøpsarbeidet i ein strategisk samanheng og sortere mellom ulike typar innkjøp. Det må utarbeidast mål og strategiar for innkjøpsarbeidet."
Les heile stortingsmeldinga her