Innbyggjarhøyring i veke 3 og 4 – Bjørke og Viddal

Illustrasjonsfoto: Kart Bjørke og Viddal - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Kart Bjørke og Viddal Fylkesmannen melder om at det vert gjennomført telefonundersøking i veke 3 og 4, i samband med utgreiinga av mogleg grensejustering av bygdene Bjørke og Viddal

Fylkesmannen: Samla informasjon om grensejustering

Informasjon frå Oponion

 

Vi ber om at innbyggjarar over 16 år frå Bjørke og Viddal, svarar på undersøkinga som vert gjennomført av Oponion AS på telefonnummer 61 40 01 09. Tidsrom for oppringing er veke 3 og 4, frå 15. januar til og med 27. januar. Tidsrom for ringetider:

  • Normalt kvardagar måndag - torsdag: kl. 16.00 til 22.00
  • Fredag: kl. 16.00 til 20.00
  • Laurdag: kl. 13.00 til 18.00

 

Hovudspørsmål:

Kva kommune meiner du at Bjørke og Viddal skal høyre til i framtida?

  • Bli i Ørsta kommune
  • Overflytting til nye Volda kommune
  • Veit ikkje

Det vil bli spurt om kjønn og alder, og svaret er anonymt.

 

Resultat: 

Resultatet frå telefonundersøkinga vil være klart i veke 6, og blir då sendt over til kommunen og søkar for grensejusteringa i Bjørke og Viddal.

 

Faktagrunnlag:

Sist endra 12.01.2018
Fann du det du leita etter?

snakk med oss.png

Gro Anita Bårdseth Planleggar
903 60 729
@ Gro Anita Bårdseth

Følg oss

Gode lenkjer

Login for redigering