Innbyggarane i Møre og Romsdal deltek i ny, nasjonal undersøking om helse og sjukdom

Klikk for stort bilete

Noreg ønskjer å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdomar med 30 prosent innan 2030.

Data frå ein ny undersøking vil gjere at helsemyndigheitene kan følgje med på utviklinga av desse sjukdomane, nemleg kreft, kols, diabetes og hjarte- og karsjukdomar. 

- Livsfaktorar som vekt, kosthald og fysisk aktivitet, samt alkohol- og tobbakksbruk er såkalla helseindikatorar. Dei kan fortelje korleis framtidig helse vil bli, forklarar professor Inger Torhild Gram ved Nasjonalt senter for e-helseforskning. Ho leier arbeidet med den nye undersøkinga som skal foregå ved hjelp av mobilen. 

- Undersøkinga "Helse og sjukdom" vil gi myndigheitene viktig informasjon på ein enkel måte, slik at dei kan setje i gang tiltak som betrar folkehelsa, forklarar professoren. 

Frå og med laurdag 5. oktober vil tilfeldig valde personar i Møre og Romsdal motta ein SMS, med spørsmål om å vare på ei kort spørjeundersøking. Det vil ta ca. 5 minn å svare. 

- Vi håpar så mange som mogleg ved å svare. Det er vår framtidige helse som gjeld, og alle bidrag er kjempeviktige!, understrekar professor Gram. 

Meir informasjon

 

Kontakt oss:

  • Prosjektleder: professor Inger Torhild Gram
  • Prosjektkoordinator: seniorrådgiver Elin Breivik
  • Kommunikasjonsansvarlig Randi Laukli
  • Mail: helseogsykdom@ehealthresearch.no
     

Fakta: 

  • Undersøkelsen Helse og sykdom er Norges første nasjonale undersøkelse som planlegger årlig digital innsamling av informasjon om livsstilsfaktorer.  
  • Undersøkelsen retter seg mot 11 000 kvinner og menn tilfeldig trukket ut fra Folkeregisteret. Personene er i alderen 16 til 69 år, fra hele landet, og har et registrert mobiltelefonnummer. 
  • Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd.
  • Prosjektpartnere er Nasjonalt senter for e-helseforskning, Universitetssykehuset Nord-Norge, Healthcom AS og Institutt for samfunnsmedisin, UiT Norges arktiske universitet.
  • Store befolkningsundersøkelser i Norge: Kvinner og Kreft, Tromsøundersøkelsen, Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag, Fylkesundersøkelsene, 40-årsundersøkelsene og Hordalandsundersøkelsen. 
     
Fann du det du lette etter?