Inga endring i skattlegginga av vasskraft

Klikk for stort bilete Vilde Moltudal Igland Regjeringa droppar forslaget om å skattlegge vasskrafta, noko som ville fått store økonomiske konsekvensar for vel 200 kommunar. Saka har også vore oppe i Ørsta kommunestyre, som var sterkt kritiske til framlegget.

Her kan du lese meir om: 

NRK si sak

Regjeringa si pressemelding

 


Utdrag frå Regjeringa si pressemelding (omsett til nynorsk):

"Etter innspel frå kommunane og næringa har regjeringa bestemt seg for å ikkje gå vidare med Kraftskatteutvalget sitt forslag til endringar i skattelegginga av vasskrafta.

– Vasskraft er ein verdifull ressurs som vi må ta godt vare på. Den skal forvaltast til det beste for lokalsamfunna, og for samfunnet som heilheit, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

Kraftskatteutvalget peikte på fleire viktige problemstillingar i dagens skattlegging av kraftverka. Utvalget sin rapport har vore på høyring, og det har kome inn mange høyringssvar.

– Vi har lytta til både kommunane og næringa i denne saken, sier finansministeren.

Etter en heilheitsvurdering har regjeringa kome fram til at den ikkje går vidare med Kraftskatteutvalget sitt forslag til endringer i skattelegginga av vasskrafta".