Informasjon om opningstider barnehage (frå 4. juni 2020)

Klikk for stort bilete    

Til foreldre / føresette i Ørstabarnehagen

Frå torsdag 4. juni vil Ørstabarnehagen ha ope i ordinær opningstid. 

Aller først vil eg takke dykk alle for den innsatsen og dugnadsånda som er vist i høve oppstart av barnehagane igjen etter at heile landet vart stengt ned 13. mars. Å måtte halde seg til kohortorganisering, mange hygienetiltak og andre opningstider enn ein treng kan vere utfordrande i ein travel kvardag, der ein sjølv også skal utføre sitt arbeid. 
Vi som arbeider med og i Ørstabarnehagen er glad for at vi har fått til denne tida på ein god måte i tett samarbeid med dykk. Vi har sett og vi trur at borna har hatt nokre fine veker, trass i både sommar, vinter og vår på ein gong! Og mykje utetid for alle!

Tysdag denne veka varsla regjeringa at det blir presentert nye smittevernrettleiarar for barnehage og skule i dag, fredag 29. mai. Det skal innførast eit «trafikklyssystem» med tre nivå, der helsemyndighetene avgjer kva nivå den einskilde kommune/region er på. På grunn av låg smitte i Noreg i dag er det bestemt nasjonalt at alle er på gult nivå, med moderate tiltak. Døme her kan vere å halde fram med handvask og god hygiene og unngå å gå i barnehagen om ein er sjuk. Fleire tiltak vil bli kjent når rettleiaren vert lagt fram seinare i dag.

Lenkje til rettleiar: Udir.no


Gult nivå for barnehage betyr dette:

  1. Ingen sjuke skal møte i barnehagen
  2. God hygiene
  3. Kontaktreduserande tiltak: Unngå fysisk kontakt mellom tilsette, heile avdelingar blir rekna som ein kohort, faste tilsette per kohort, unngå trengsel og store samlingar, prøv å ha avstand mellom ulike kohortar td med å framleis dele inn uteområde.

Meir informasjon om dette kan de sjå her.
 

Normal opningstid

Barnehagane har vore organisert på ein annleis måte og dei tilsette har hatt anna arbeidstid. Dette skal no tilbakeførast og organiserast nesten som normalt igjen. Regjeringa har difor bestemt at alle skal få tid til å omstille seg til ein ny kvardag igjen, og bruke komande veke til dette. 

I Ørsta har vi bestemt at barnehagane er klare til ordinær opningstid frå torsdag 4. juni.  

Barnehagane kan no også planlegge for nytt barnehageår på gult nivå. Dette gjer planlegging av oppstart og tilvenning til nytt barnehageår enklare. Men ein må samtidig vere førebudd på endringar i samfunnet dersom det blir meir smitte. Kva nivå ein til ei kvar tid er på er det helsemyndet som avgjer , ikkje den einskilde barnehage.


God pinse til alle!

- Seksjonsleiar Barnehage, Reidun Mo