Informasjon om Landbrukskonferansen 2018

Bilete frå Landbrukskonferansen 2017. - Klikk for stort bileteBilete frå Landbrukskonferansen 2017.

Landbrukskonferansen 2018 vert arrangert på Ørsta kulturhus torsdag 25. januar kl 10 – 16. Arrangør er Ørsta næringskontor i samarbeid med landbrukskontoret Ørsta Volda og fagorganisasjonar i landbruket.

Pris: 300,- betaling ved inngang
Inga påmelding. 

 

Program

 

Foredragshaldarar:


Møteleiar: Jon Hustad

Stein Aam: Ordførar i Ørsta.

Jan Ove Tryggestad: Ordførar på Stranda

Stig Olav Lødemel: Ordførar i Hornindal.

 

Ann Merete Furuberg

Leiar i Norges Bonde og Småbrukarlag. Er bonde. Har ei rekke verv innan landbruket, politikk, helse. Vore tilsett ved Norsk institutt for skogforsking forsking/undervisning. Dr.Grad frå Norges Landbrukshøgskule. Vore politisk engasjert i Grue kommunestyre og Hedemark Fylkesting.
 

Lars Petter Bartnes

Leiar i Norges Bondelag. Utdanna agronom og agrotekniker. Gårdbrukar frå Beitstad i Nord Trøndelag, og driv med melkeproduksjon, storfekjøt, slaktekylling og korn.
 

Erlend S.Daling

Advokat for bondelaget med speialkompetanse innan odelsrett, forvaltningsrett, gjerde- og beitespørsmål

 

Ottar Longva

Representerer Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bu- og driveplikt – regelverk – handlingsrom.

 

Bjørn Egil Flø

Forskar ved Norsk Senter for bygdeforsking  Nibio, er utdanna sosiolog. Har vunne pris for Årets Tidsskriftartikkel, som tek utgangspunkt i bygdefolket som opplever makt og avmakt, tilsidesett og umyndiggjort i den offentlege debatten. Bjørn Egil er bygdesosiolog og forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi. Hans faglege kjerneinteresse er bygdeutvikling, landbruk og ressursforvalting, og kanskje kan delar av engasjementet hans om desse sakene skuldast hans oppvekst på eit middels stort mjølkebruk på ytre søre luten av Sunnmøre. Flø har i ei årrekkje synt seg å vere ein debattvillig og formidlingsglad forskar som evnar å halde sine tilhøyrarar i ande med sin kåserande fagforedrag.

 

Helge Kårstad

Tilsett i Kystskogbruket som prosjektleiar.

Kystskogbruket opererer langs heile kysten frå Finnmark i nord til Austagder i sør. Eit arbeid for utnytting av potensialet  som er ei firedobling av verdiskapinga av skogbruket langs kysten. Kystskogbruket er organisert gjennom eit samarbeid mellom fylkeskommunene, fylkesmennene og Skognæringa Kyst. Helge Kårstad har vore aktivt med i planlegginga av ny tømmerkai i Ørsta for utskiping av tømmer som var planta på 50-60 talet i Ørsta, ca 15000 dekar på eit tiår.

 

Henning Sørum

Tilsett ved Norges Veterinærhøgskule. Professor  i mikrobiologi, utdanna som veterinær og underviser ved høgskulen. Praktiserar også som veterinær i det daglege. Har delteke i ulike forskningsprosjekt i USA og Frankrike. Henning Sørum har også arbeidd mykje med fiskesjukdomar relatert til oppdrettsnæringa, har forska og utvikla vaksiner.

Antibiotikaresistens er eit høgaktuelt tema som bør interessere dei fleste når ein skal velje om menyen skal være av lokal eller importert opprinnelse. Forsking ved instituttet viser at alle utbrudd av antibiotikaresistense bakteriar er introdusert frå utlandet.

Sist endra 10.01.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering