Informasjon om krisepakken til idrett, kultur og frivilligheit

Klikk for stort bilete14. april kan frivillige lag og organisasjonar søkje om kompensasjon for korona-avlyste, utsatte eller stengde arrangement.

Fordi det er kort søknadsfrist, er det lagt til rette for at søkarane kan bruke tida fram mot 14. april på å førebu seg. 

Over heile Noreg har ei rekke arrangement innan idrett, kultur og frivilligheit blitt utsatt, stengt eller avlyst. Krisepakken, ei stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint å avhjelpe situasjonen. 

Nå er mykje klart for at aktørar som fell inn under ordninga kan søkje om kompensasjon for tap av inntekter frå bilettsal og deltakaravgifter, samt meirutgifter som følgje av at arrangement vert avlyste eller må utsettast på grunn av koronaviruset. 

Det vert opna for søknader 14. april, men allereie no ligg det ut mykje god informasjon, rettleiing, spørsmål og svar på nettsidene til l Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvaltar dei to ordningene.

Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og frivilligheit (inkludert kulturfrivilligheit). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot arrangørar i kultursektoren.

Les meir om desse ordningane her www.lottstift.no og www.kulturradet.no