Informasjon om influensavaksine for sesongen 2019/2020

Klikk for stort bilete

Dei fleste i risikogruppene som brukar å ta influensavaksine, har sikkert no begynt å vente på informasjon om den årvisse influensavaksineringa i kommunen.

Levering av influensavaksine frå Folkehelseinstituttet er også i år forseinka, men den skal kome til Ørsta i slutten av denne månaden.

Ørsta helsestasjon, som organiserer influensavaksineringa, vil då kome med meir informasjon i avisa og på kommunen si heimeside om kva tid og kvar vaksineringa skal finne stad. Folket må derfor smørje seg med tolmod nokre veker til før vaksineringa startar rundt månadsskiftet. 

-Ørsta Helsestasjon

Fann du det du lette etter?