Influensavaksinering 2018 / 2019

 Vaksine - helsestasjonen - Klikk for stort bilete

Siste dag med annonsert tid for influensavaksinering vert på Bakk-Ola marka onsdag 14. november kl. 09.00 - 15.00. 

Influensavaksinen kjem til kommunen først i veke 43 i år. Helsestasjonen starter med vaksineringstilbodet for Ørsta si befolkning så snart ein har vaksinen i hus. Dette vil gå føre seg på Bakk-Ola Marka aktivitetssenter i 2. etg. i slutten av oktober. Dette vert også annonsert i Møre-Nytt.

Tidspunkt vaksinering

Stad : Bakk-Ola Marka Aktivitetsenter                  
Obs: 3 første dagane er det alfabetisk inndeling - ingen timeavtale

Fredag 26.10.18

kl.09.00 – 11.30

Etternamn A - E

 

kl.12.30 – 15.00

Etternamn F - H

Tirsdag 30.10.18

kl.09.00 – 11.30

Etternamn I - L

 

kl.12.30 – 15.00

Etternamn M - Q

Torsdag 01.11.18

kl.09.00 – 11.30

Etternamn R - U

 

kl.12.30 – 15.00

Etternamn V- Å

Onsdag 14.11.18

kl.09.00 – 15.00

Open dag


Vaksina kostar kr. 150,-   Betaling: Kontant og med kort
NB!
Ha personnummer tilgjengeleg (dette pga registrering av vaksina)

 

Kva er influensavaksine?

Influensavaksine er det viktigaste førebyggande tiltaket ein har mot influensarelaterte komplikasjonar og dødsfall. Med vaksine blir det mindre alvorleg sjukdomsforløp blant dei vaksinerte som likevel får influensa. Vaksinen gir ei gjennomsnittleg effekt på 60% (kan variere mellom 30-80%).

Vaksinen gir lite biverknader, men enkelte kan få influensaliknande reaksjonar første dagane. Ein kan ikkje få influensa av vaksinen (den inneheld ikkje levande virus). Vaksinen vernar kun mot dei 3-4 virusa som vaksinen er mot, den vernar ikkje mot andre typar virus som kan gi influensaliknande sjukdom. Vaksinen brukar 10-14 dagar på å virke, husk derfor å ta den før influensasesongen startar.


Kven bør vaksinerast mot sesonginfluensa ?

Følgjande grupper har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom (risikogrupper), og blir derfor tilrådd å ta influensavaksine:

  • Alle personar som har fylt 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Gravide etter 12.svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksine
  • Barn og vaksne med:
  • Diabetes mellitus, type 1 og 2
  • Kronisk luftvegssjukdom
  • Kronisk hjerte- og karsjukdom
  • Kronisk leversvikt
  • Kronisk nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller -skade
  • Nedsett immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
  • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg til risikogruppene blir det også tilrådd influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt blir spesielt oppmoda om å vaksinere seg, ikkje for eigen del, men primært for å verne andre svake risikogrupper (indirekte vern)
  • Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

 

Velkomne til vaksinering. 
Kafeen på Bakk-Ola Marka er open

- Ørsta helsestasjon

 

Fann du det du lette etter?