Influensavaksinering 2017 / 2018

 Vaksine.jpg - Klikk for stort bilete

Influensevaksinering på Bakk-Ola - marka. Du treng ikkje timeavtale men dei tre første dagane er det alfabetisk inndeling. Sjå oversikta nederst på sida.

Kven bør vaksinerast mot sesonginfluensa ?

Følgjande grupper har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom (risikogrupper), og blir derfor tilrådd å ta influensavaksine:

  • Alle personar som har fylt 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Gravide etter 12.svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksine

Barn og vaksne med:

  • Diabetes mellitus, type 1 og 2
  • Kronisk lungesjukdom
  • Kronisk hjerte- og karsjukdom
  • Kronisk leversvikt
  • Kronisk nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Nedsett immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
  • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
  • I tillegg til risikogruppene blir det også tilrådd å vaksinere helsepersonell som har pasientkontakt, primært for å verne andre (indirekte vern)
  • Husstandskontakter til personar med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar


Plan for vaksinering:

Obs: 3 første dagane er det alfabetisk inndeling ( ikkje timeavtale )

Fredag 03.11.17

kl.09.00 – 11.30

Etternamn A - E

 

kl.12.30 – 15.00

Etternamn F - H

Mandag 06.11.17

kl.09.00 – 11.30

Etternamn I - L

 

kl.12.30 – 15.00

Etternamn M - Q

Onsdag 08.11.17

kl.09.00 – 11.30

Etternamn R - U

 

kl.12.30 – 15.00

Etternamn V- Å

Onsdag 22.11.17

kl.09.00 – 13.00

Open dag

 

Vaksina kostar kr. 150,-   Betaling: Kontant og med kort
NB! Det er viktig å ta med personnummer (dette pga registrering av vaksina)

 

Velkomne  til årets influensavaksinering !
Kafeen på Bakkolamarka er open.

 

- Seksjon for helse og velferd  –  Ørsta helsestasjon

Sist endra 27.10.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering