AKTUELT NO:

Hurtigtest før skulestart

 

I tråd med nasjonale retningslinjer er det anbefalt at elevar og tilsette testar seg før skulestart, tysdag 4. januar.

Testen kan gjerne gjerast kvelden før eller same morgon, men ikkje tidlegare enn 24 timar før ein møter til skulestart. Ørsta kommune oppmodar alle om å følgje desse anbefalingane. Dei som har hatt Covid-19 siste 3 månadane treng ikkje å teste seg.

Hurtigtestar kan hentast på skulane måndag 3. januar. Det er èin hurtigtest i kvar konvolutt. Skulane vil sende ut informasjon om utlevering. 
 

Skulane startar semesteret på gult nivå 

Gult nivå kan du lese meir om på udir.no
 

Grunnleggande smittevernråd: 

  1. Sjuke personar skal ikkje vere på skulen, i barnehagen og i SFO. Det aller viktigaste smitteverntiltaket er at sjuke personar held seg heime.
  2. God hygiene. Hostehygiene er viktig for å avgrense dråpesmitte, medan handhygiene er viktig for å hindre kontaktsmitte. 
  3. Godt reinhald. Godt reinhald førebyggjer kontaktsmitte.
     

Skuleskyss: 

Elevar over 12 år må nytte munnbind i samband med skuleskyss og kollektivtransport der det ikkje er muleg å overhalde ein meter avstand. 

 
 

Følg oss