Høyring - utbygging av breiband i Ørsta kommune

breiband.jpg - Klikk for stort bilete

Det er fortsatt område i Ørsta kommune som har dårleg breibandstilbod og ein ynskjer difor å identifisere desse områda for deretter å vurdere om ein skal søkje etter breibandtilskot. For å kunne søkje er eitt av krava i søknaden at planen for utbygging skal vere til høyring i ein månad. 

Regjeringa har gitt Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM) i oppgåve å administrere tilskotsordninga. Berre kommunar og fylkeskommunar kan søke NKOM om denne breibandstønaden. 

Formålet med ordninga er å bidra til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggande god kvalitet. Breiband av grunnleggande god kvalitet har NKOM definert å vere breibandstilbod med meir enn 4Mbit/s fart. Breibandstilbod som fører med seg avgrensingar for «normal» bruk av tenester og innhald blir heller ikkje rekna for å oppfylle kravet. Dette gjeld m.a. lang tidsforseinking/responstid og små volumkvoter for nedlasting. Det kan også gis tilskot for å auke kapasiteten for breiband i områder kor det ikkje kan ventast å komme nye kommersielle tilbod i dei nærmaste åra.

Det er seks evalueringskriterium for tildeling av breibandsstønad:

  1. Talet på nye husstandar som får eit breibandstilbod
  2. Kostnadseffektivitet
  3. Lokal medfinansiering
  4. Plan for bærekraftig drift
  5. Betring av eksisterande breibandstilbod
  6. Kva dette har å seie for lokal samfunnsutvikling

Vektinga  av dei ulike kriteria kan du lese meir om i denne skildringa av tilskotsordninga for breibandsutbygging. (PDF, 207 kB)

Ein føresetnad for å søke om statleg tilskot frå denne ordninga er at kommunen må kunngjere dei geografiske områda i kommunen ordninga skal gjelde for. Ein anna føresetnad er at det skal gis moglegheit for alle interesserte partar å gi innspel til kommunen som kan vere vesentleg for søknaden.

Ørsta kommune har definert område Hovdenakk-Vatne-Bondalen-Sæbø som eit område som har for dårleg dekning i dag og ein ynskjer å søkje støtte for å betre breibandstilbodet i dette området. I dag er lange koparkabelstrekk eit problem i området, der er husstandar som ikkje kan få DSL levert. Mobilt breiband 4G er eit alternativ i delar av området. Dette området har vorte definert som aktuelt, etter tilbakemeldingar frå innbyggjarar i området, og det har vore arrangert folkemøte der dagens breibandstilbod har vore diskutert og kartlagt.

Ørsta kommune ønskjer innspel til prioritering av område og eventuelle lokale forhold som bør vektleggast, viser elles til evalueringskriteria.

I samband med søknaden vil vi difor invitere bedrifter og innbyggjarar til å kome med innspel i forhold til utbyggingsplanen for kommunen innan 3. mai 2017.

Innspel kan sendast postmottak@orsta.kommune.no og merkast høyringsuttale breibandsutbygging.

Kunngjering skjer berre på Ørsta kommune si heimeside.

 

Kontaktperson for saka om breibandstønad, er IKT-leiar Bjørn Anders Heggen

Sist endra 05.04.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering