Høgt vassforbruk - unngå unødig bruk av vatn

Klikk for stort bilete Pixabay.com Det er framleis høgt vassforbruk i Ørsta sentrum, Hovdebygda, Liadal og Åmdal. Ørsta kommune, tekniske tenester oppmodar enno ein gang om at alle abonnentar til kommunal vassforsyning unngår hagevatning og anna unødig bruk av vatn.

Det høge forbruket kan leie til at bufferkapasiteten i vassmagasina vert mindre dersom det skulle kome ei ekstraordinær hending der vassforbuket er stort, som til dømes brann, eller stor vasslekkasje.

Høgt forbruk aukar også belastning på vassverk og leidningsnett.

Ved å redusere vassforbruket bidreg du som abonnent til å ta vare på og trygge beredskapen i Ørsta kommune.
 

Kva er greitt å gjere:

  • Alt normalt forbruk av vatn, som til dømes drikke, matlaging, sanitæroppgåver
  • Reingjering
  • Vatning av bed og blomar med kanne
     

Kva bør ein unngå:

  • Hagevatning
  • Bassengfylling
  • Sløsing og unødig bruk av vatn