Sidan 1. september 2024 er det meldt frå om 5 hjortepåkøyrsler i Ørsta kommune og 7 i Volda kommune. Vi minner difor om at alle må ferdast forsiktig i trafikken. Om du likevel er så uheldig å køyre på ein hjort, skal du melde frå til politivakta på tlf 02800. Dette gjeld også om dyret spring frå staden og er tilsynelatande uskadd.
Politivakta har kontaktopplysningar slik at dei kan melde vidare til ettersøksringen (som kommunen har avtale med) som kan rykkje ut og ettersøkje og evt. avlive skada hjort. Dersom dyret spring vekk, merk staden med merkeband eller liknande som er godt synleg, slik at ettersøkspersonell finn staden og kan starte ettersøk.