Hjortemøte 11.april på Aasen-tunet

Hjort.jpg

Landbrukskontoret i Ørsta og Volda arrangerer hjortemøte onsdag 11.april. kl. 19.00-22.00 på Aasen-tunet i Ørsta. Erling Meisingset, forskar frå NIBIO kjem.

 Tema:

  • Stor hjortestamme i Volda og Ørsta. Bøndene slit med store skader på innmark og ungskog.
    Kva gjer vi vidare? Og korleis legg vi opp avskytinga?
     
  • Skrantesjuke: Ørsta kommune er blant fleire utvalte kommunar med særskilt fokus på skrantesjuke (CWD) frå 2018. Det betyr at det skal takast hjerneprøve av all hjort over 2 år som vert felt på jakt. Erling vil prate og informere meir om dette, samt ha ein praktisk demonstrasjon. Mattilsynet vil også vere til stade for å svare på ev. spørsmål.  

Målgruppa er valdsansvarlege, grunneigarar og jegerar i Ørsta og Volda, men møtet er ope for alle interesserte.  

Enkel servering, ingen påmelding.  

Følg oss