Dalevegen 24: Helsestasjon og fordeling av arealet

Wenche Solheim, Rådmann

 I dagens Møre-Nytt har Rådmann Wenche Solheim skrive følgande lesarinnlegg:

Eg registrerer at det er stort engasjement for helsestasjonen og det er bra! Helsestasjonen med alle sine brukarar har i mange år hatt stort behov for betre lokale og meir areal, og det skal dei få i Dalevegen 24.

Så er det slik at der også er andre omsyn som må takast når arealet skal fordelast. Det nye bygget (Vallamarka) består av 20 omsorgsbustaderlegesenter og hjelpemiddellager. Omsorgsbustadane er grunnlaget for finansieringa av Vallamarka gjennom tilskot frå husbanken. Eit vilkår for tilskotet er at bustadane vert nytta til brukarar som treng heildøgns omsorg. Då må Ørsta kommune enten ha bemanning i bygget, eller nær ved. Flyttinga av heimebasert omsorg (HBO) til Dalevegen er vedteken av kommunestyret, som også har bestemt at dagens HBO- lokale på Ørstaheimen skal ombyggast til pasientrom i 2019.

 

Dei som skal inn i Dalevegen 24 er:

Helsestasjon, HBO, psykolog, logoped, elev-LOS og barnevern/PPT ved behov. Garderobar, pauserom, møterom og resepsjon skal vere felles. Vi får ei viktig samlokalisering av tenester til born og unge, og teieplikta skal sjølvsagt takast i vare.

Bygget består av ein «ny» og gamal del og det har vore møter mellom helsestasjonen og HBO om korleis lokala kan nyttast best mogeleg. Ut frå politiske vedtak, økonomiske rammer og andre innspel er romdelinga no i sluttfasen. Helsestasjonen får store delar av første etg. (gateplan) samt noko i andre etg. HBO får sokkeletg. Og noko i første etg. (under 1/3).

Oppussing og moderat ombygging vil starte i «nydelen» så snart Ørsta helsesenter har flytta ut i mars. HBO skal fylle krava til heildøgns omsorg for omsorgsbustadane ved å drifte midlertidig frå ei av leiligheitene i Vallamarka. Den eldste delen av Dalevegen 24 skal pussast opp i fase 2 som er til hausten. Helsestasjonen vert difor i noverande lokale til sommaren slik det ser ut no.

Det er krevjande å skulle dekke alle behov innafor dei økonomiske rammene vi har til rådvelde, og ofte må vi leite etter «godt nok». Vi har likevel god tru på at Dalevegen 24 skal verte eit bra bygg både for brukarar og tilsette.

- Wenche Solheim, Rådmann

Følg oss