- Held kontakta på sjukeheimane

Klikk for stort bileteSjukeheimane i Ørsta kommune har no fått på plass ulike kommunikasjonsverkty for å hjelpe brukarar og pårørande slik at dei kan halde kontakt med kvarandre. 

Vi er svært takknemlege for engasjement og gåver som har gjort det mogleg å få til dette i den vanskelege tida vi no er inne i.

Å kommunisere via appar på nettbrett og smarttelefonar er i utgangspunktet laga til ein brukar. Vi må i denne situasjonen bruke dette som ei kriseløysing og det vert difor brukt på ein litt annan måte enn tenkt.

Det er difor ikkje høve til å sende private bilete eller private meldingar sidan det er fleire som har tilgang til ein appbrukar på sjukeheimen. Men ein kan sende fine bilete av natur eller bygda vår som ein tenkjer er greitt at alle kan sjå.

Dei fleste av våre brukarar har behov for litt assistanse til å handtere og forstå eit nettbrett og pårørande må difor vere merksam på at det vil vere tilsette i nærleiken under samtalen. Det kan og vere at det vil vere andre brukarar i nærleiken, og vi minner difor om den moralske teieplikta. 
 

Korleis skal pårørande kome i kontakt:

Pårørande som ønskjer ein videosamtale med sine, skal først ringe til avdelinga og avtale samtale slik at tilsett kan ringe opp pårørande saman med brukar.

Institusjonane har sett av desse tidsromma til samtaletid med pårørande:

Kl. 13.00-14.30 og 16.00-18.00.

Det kan sjølvsagt gjerast unntak frå desse tidsromma dersom det er noko som hastar eller er viktig å få gitt beskjed om.

 

Ulike løysingar på institusjonane

På Ørstaheimen har no kvar avdeling sitt nettbrett som dei kan ringe til pårørande frå. Dei nyttar WhatsApp til dette. For at dei skal ringe til deg må du ha WhatsApp installert (last ned her), opprette ein brukar og avdelinga må få ditt telefonnummer som dei kan ringe til. Denne kan nyttast av både Android og iPhone smarttelefonar og på nettbrett med SIM-kort (ikkje iPad). Dei vil då ringe deg opp innanfor det avtalte tidsrommet.

På Hjørundfjordheimen har dei iPad der du kan nytte FaceTime. Du må då ha ein iPhone eller ein iPad for å kome i kontakt. Avdelinga må då få din icloudbrukar eller mobiltelefonnummer som dei kan ringe opp til. Dei vil då ringe deg opp innanfor det avtalte tidsrommet.

På Vartdal Helsetun har dei ein iPad der du kan nytte FaceTime. Du må då ha ein iPhone eller ein iPad for å kome i kontakt. Avdelinga må då få din icloudbrukar eller mobiltelefonnummer som dei kan ringe opp til. Dei vil då ringe deg opp innanfor det avtalte tidsrommet.

I tillegg har dei ein KOMP der du må motta ein invitasjon frå administrator for å laste ned appen og ein kode for å kome i kontakt med KOMP-en. Du kan då ringe opp KOMP-en etter å ha avtala eit tidspunkt for dette med avdelinga. Rettleiing: korleis ta i bruk KOMP. 
 

Telefonnummer til:

  • Solkroken     700 48 840
  • Buavdelinga  700 48 860
  • Bakketun    700 48 830
  • Korttidsavdelinga  700 48 820
  • Vartdal Helsetun     700 45 000
  • Hjørundfjordheimen  
    1.etg  902 85 076
    2.etg 902 65 470