Har du framlegg til Stikk UT! turar?

Klikk for stort bileteMolladalen Foto: Maria Engeseth  

Ørsta kommune er medlem i Sunnmøre Friluftsråd og med på Stikk UT!

Stikk UT! sommarsesongen er frå 1.mai - 31.oktober. No er det tid for å velje kva for 15 turar vi skal ha som Stikk UT! Turar i år. I den samanheng ønskjer vi å få innspel på dette innan 1. februar. 

 

Det er nokre moment som er viktige når det gjeld val av tur:

  • Alle kommunar bør ha minst ein trillevennleg tur, gjerne fleire (kan gjennomførast med barnevogn/sykkel/rullator/rullestol)
  • Flest grøne og blå turar (relativt lette), nokre raude (krevjande) og inntil ein svart (for erfarne fjellfolk)
  • Prioriter gjerne nærturar der folk bur
  • Alle turar må ha parkering for minst 4-5 bilar
  • Helst minst ein tur i kvar bygd
  • Berre etablerte turmål (ikkje bruke Stikk UT! til å gå opp nye stiar…)
  • Vurdere om stien/råsa tåler auka ferdsel
  • Unngå turar i hekkeområde/ved drikkevasskjelder/sårbar natur (myr) osb.
  • Avklar med grunneigar at det er OK at turen blir ein Stikk UT!-tur
  • Inviter frivillige til å ta ansvar for kvar sine turar (henge opp skilt/kode osb.) og tilsyn gjennom sesongen. Skrive turforklaringar på Morotur.
  • Byte ut nokre turmål kvart år, både for variasjon, få vist fram fleire turar, og for å la stiar kvile.
  • Unngå turar gjennom beiteområde for storfe.
  • Maks 15 turar i kommunen.