Gult nivå også i barnehagane – Tilsette skal teste seg før oppstart
Alle barnehagar skal ved oppstart etter nyttår driftast på gult nivå. Det same gjeld for barne- og ungdomsskular.
For å prøve å unngå stor smittespreiing ved oppstart etter nyttår, er det bestemt at alle tilsette i barnehage og skule skal testast før oppstarten. Også skuleelevar skal testast før dei kjem tilbake til skule.
Barnehageborn er ikkje pålagt denne testinga. Men ingen som er sjuke skal møte i barnehagen.
Gult nivå kan du lese meir om på udir.no.
Publisert av Øyvind Rødset
Sist endra 30.12.2021 12:40