Godt arbeid før, under og etter ekstremvêret Gyda

Ørsta kommune hadde igår, torsdag 20. januar, evalueringsmøte etter ekstremvêret Gyda. 
Det var mange positive tilbakemeldingar om jobben som vart gjort både før, under og etter ekstremvêret.

Det vart kake på evalueringsmøte for å vise at ein sett pris på alt som vart gjort etter ein vel blåst Gyda. Ingvild Marie Taraldset   

Tiltak

Ørsta kommune gjorde førebyggande tiltak, som bl.a. halde sluk og rister frie for is og snø dagane før, og hadde tilsette i beredskap klare for å hjelpe teknisk vakt ved behov.

Kommunen er godt nøgd med informasjonen som vart gjeve på førehand, både frå statsforvaltaren og metrologisk. Det var høg verdi i digitalt møte med statsforvaltar i forkant, då mange beredskapsledd kunne vere med i heile  prosessen.

Når ekstremvêret kom var det kritisk vassføring. Vi såg at arbeid og investeringar gjort på førebygging var til god nytte og heldt bra. Det er nødvendig med evaluering for å forbetre oss, ekstremvêr som dette skjer oftare og igjen og igjen.

 

Forbetringspotensiale

På brann var det mest småting som kunne forbetrast. Det viktigaste er kanskje å få med ferja i Hjørundfjorden som beredskap. Det må igjennom fylkeskommunen og er allereie satt i gang ein prosess på. Det kom også fram at kommunen må gå over elveførebyggingane no i etterkant med tanke på at det var meget høg vassføring spesielt i Ørstaelva og Bondalselva. Og heimesida til kommunen kan bli brukt enda meir til å sende ut varsling til innbyggjarane. Alt i alt har Ørsta kommune eit godt team som står på og støtta frå topp til tå.

 

Stor takk

Det var alltid fokus på liv og helse fyrst og innbyggjarane vart flinke med å melde om ting kommunen måtte vere obs på. Ein stor takk til dei tilsette og frivillige som gjor ein fantastisk jobb. Frivilligheit er ei viktig rolle i framtida så den må vi ta godt vare på!

Les statusrapporten som vart lagt ut torsdagen under ekstremvêret.

Følg oss