Glutenfritt bakekurs i Ørsta

Norsk cøliakiforening (NCF) og Ørsta vidaregåande skule har i fleire år samarbeidd om glutenfri opplæring av elevar. Onsdag 28. november vert det nytt glutenfritt bakekurs i Ørsta ope for alle interesserte. Frå venstre bakeleiar Gerd Tennøy (NCF), kokkane Trond Urkegjerde og Laila Elin Mo frå Ørsta vgs og bakeleiar Hjørdis Almelid Vikenes (NCF). (Arkivfoto) - Klikk for stort bileteNorsk cøliakiforening (NCF) og Ørsta vidaregåande skule har i fleire år samarbeidd om glutenfri opplæring av elevar. Onsdag 28. november vert det nytt glutenfritt bakekurs i Ørsta ope for alle interesserte. Frå venstre bakeleiar Gerd Tennøy (NCF), kokkane Trond Urkegjerde og Laila Elin Mo frå Ørsta vgs og bakeleiar Hjørdis Almelid Vikenes (NCF). (Arkivfoto)

Onsdag 28. november vert det glutenfritt bakekurs i Ørsta i regi av Norsk cøliakiforening (NCF) og Ørsta vidaregåande skule. I fleire år har bakeleiar Hjørdis Almelid Vikenes i NCF og kokk Trond Urkegjerde samhandla om å gje elevar frå Ørsta ungdomsskule og Ørsta vidaregåande skule glutenfri opplæring. No vert det eit kveldskurs for alle interesserte på Ørsta vidaregåande. Ein treng ikkje å vere medlem i cøliakiforeininga for å melde seg på kurset.



Meld deg på

 

- For oss i cøliakiforeininga har det vore eit fruktbart samarbeid å få Ørsta vidaregåande skule som glutenfri samarbeidspartnar. Vi har lært oss andre matrettar og teknikkar enn det vi vanlegvis har på bakekursa våre, og så har vi lært vekk nokre av dei bindingstriksa som vi kan. Saman utfyller vi kvarandre og både elevar og deltakarar på tidlegare bakekurs har gjeve uttrykk for at dei har sett pris på det. Vi gler oss til meir glutenfri samhandling i førjulstida. Menyen er ikkje heilt fastsett enno, vi må først sjå kor mange deltakarar vi får med oss, men det verte både grov og fin gjærbakst, litt lefsebakst og så rekk vi kanskje å lage nokre julekaker også, trur Hjørdis Almelid Vikenes.

Ho legg til at for dei som har cøliaki er det maten som er medisinen, og då er det greit om den medisinen både er velsmakande og ser god ut. Det er via nettsida til NCF at ein kan melde seg på kurset.


- Vi set veldig pris på dette samarbeidet og vi gler oss til nytt glutefritt kurs. Glutenfri bakekunst og matlaging er både kjekt, utfordrande og ein viktig læreprosess for våre fag. Særs kjekt er det sjølvsagt at vi no i førjulstida og får med dei glutenfrie lefsene, seier kokk Trond Urkegjerde ved Ørsta vidaregåande skule.

Og viss deltakarane rekk det og har lyst, lagar dei også litt konfektjulekakebakst saman med kokken. Det er alltid kjekt å prøve seg på nye matslag!

Fann du det du lette etter?