Framtidsplanar for bibliotektenesta i Ørsta

Ørsta folkebibliotek blir rekna som det eldste folkebiblioteket på landsbygda i Noreg.

Det er kanskje ikkje så godt kjent for alle som bur i Ørsta kommune, men det er verkeleg noko vi kan vere stolte av! Den som vil lese om vår lokale bibliotekhistorie finn ein kortversjon på heimesida vår, under tittelen “Om biblioteket”. Vi har også ei bok for utlån som heiter “Ørsta folkebibliotek 1797-1997: Kunnskap og kultur i 200 år”. Boka er skriven av tidlegare biblioteksjef Eli Lannerholm i høve 200-årsmarkering for Ørsta Folkebibliotek, i 1997.

Mykje har skjedd i løpet av den tida biblioteket i Ørsta har vore i drift. Mellom anna har biblioteket flytta fleire gonger, fram til det kom under same tak som Ørsta kulturhus (1978).

Samlokaliseringa med kulturhuset har klart bidrege til fleire besøkande i biblioteket. Plasseringa til biblioteket i nærleiken til skular og barnehagar gjer også at vi får mykje besøk derifrå.
 

Kombinasjonsbibliotek

Planane om bygging av ny Ørsta videregåande skule, har skapt stor spenning også for oss som jobbar på biblioteket og kulturhuset. Slik som det er planlagt, skal den nye skulen byggast ved sida av kulturhuset og biblioteket får nye oppgåver. Folkebiblioteket blir til kombinasjonsbibliotek, der folkebibliotek og skulebibliotek skal fungere saman. Samtidig skal heile kulturhuset byggast om og få eit lenge etterlengta løft. Spesielt det siste trengst sårt, for både det eine og andre bør skiftast ut og moderniserast i dette slitte bygget. Vi krysser fingrane og håper at bygginga kjem i gang om ikkje så altfor lenge. Ein håper på eit positivt vedtak i desember.
 

Meir ope bibliotek

Sjølv om det ikkje blir vedtak i skuleprosjektet, kjem det til å skje endringar i bibliotektilbodet. Vi har teke nokre steg vidare på vegen til å gjøre tenestene meir tilgjengelege og planlegg å gjere Ørsta folkebibliotek om til eit såkalla meirope bibliotek. Det betyr at alle brukarar som har skrive under kontrakt og er fylt 15 år, får tilgang til biblioteket i mykje større tidsrom enn det har vore mogleg til no. Då kan ein kome og låse seg inn på biblioteket utanom arbeidstidene til dei som er tilsette der. Det vert også mogeleg å besøke biblioteket alle vekedagar. Det står att ein del arbeid og investeringar for å få alt dette gjennomført, men vi er godt i gang. Neste år er det planlagt innkjøp av  sjølvbeteningsautomat, slik at dei lånarane som ynskjer kan låne og levere inn bøker, utan hjelp frå tilsette. Vi vil også omorganisere delar av biblioteket slik bøkene vert meir tilgjengelege enn dei er i dag.

Vi skal også organisere og merke samlinga slik at det vert enklare for lånarane å finne fram på eigenhand når de bruker biblioteket utanfor vanleg opningstid.
 

Ungdomsrom

Vi som arbeider på biblioteket har fleire ynskjer og draumar for utviklinga av biblioteket, enn det er realistisk å få til i dagens lokale, og med dei økonomiske rammene som biblioteket har. Det er likevel viktig å halde fast i visjonane vi har for biblioteket, og ta eit steg om gongen inntil ein har kome dit ein ynskjer.

Vi har lenge ynskt å legge til rette for at ungdom kan få sin eigen plass på biblioteket. På grunn av liten plass, har vi ikkje fått dette til, men vi håper at vi kan gjennomføre det i samanheng med det nye skulebygget.
 

Boktransport til og fra Sæbø og Vartdal

Bibliotekfilialane på Sæbø og Vartdal vart lagt ned for fem år sidan. Dessverre ser det ut at også tida for bokbåten “Epos” snart er over for Møre og Romsdal, og dei opplevingane både barn og vaksne har fått i bokbåten gjennom mange år, blir til historie. Heile Ørsta kommune si offentlege bibliotekteneste blir då sentralisert til biblioteket i Ørsta.

Her ynskjer vi å få innspel frå folk på Vartdal og Sæbø. Vi vil vite om det er interesse for faste leveransar av bøker, til dømes to gonger i månaden. Vi vil vere avhengige av frivillige til levering og henting av bokkassene. Sidan vi ofte er berre ein person på jobb samstundes, klarer vi ikkje alltid svare på telefonen. Derfor er det best, om vi kan få innspel på mail eller som melding på Facebook/messenger. Vår e-post er: post@folkebiblioteket.no. Dersom du ikkje kan sende oss e-post eller messenger-melding, kan du sjølvsagt sende brev på gamlemåten til adresse: Ørsta folkebibliotek, Postboks 64, 6151 Ørsta. Vi lover at alle som skriv til oss får svar.

- Hanne Steinsvik, Biblioteksjef. 

Følg oss