AKTUELT NO:

Forskarar frå Universitetet i Tromsø kjem til Ørsta på feltarbeid

Gunnar Wangen
Forskarane er tilknytt eit nordisk forskingsprosjekt som heiter CliCNord, der dei forskar på korleis små lokalsamfunn taklar utfordringar knytt til klimaendringar.

Saman med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Ørsta kommune er det planlagt eit besøk til Ørsta, nærmare bestemt Vartdal/Årsetdalen og Barstadvik, for å lære meir om Ørsta si erfaring med flaum og styrtregn. Forskarane planlegg uformelle intervju som handlar om livet i nærområdet, og vil gjerne høyre frå deg som innbyggar i dette området. Ein treng ikkje å ha forhandskunnskap om verken klimaendringar, flaum og risiko for å delta!

Vi inviterer til felles informasjonsmøte for Barstadvik og Vartdal onsdag 21. september kl. 19.00 på Vartdal Skule (styrkerommet).
Her vil ein få meir informasjon om sjølve prosjektet og moglegheit til å stille spørsmål. Intervju med dei som ynskjer å stille til det, kan gjennomførast i samanheng med informasjonsmøtet, eller på ettermiddag/kveldstid, vi blir einige om kva som passer best for dykk.

Om dette høyrest interessant ut å vera med på så håpar vi at folk anten tar kontakt direkte med forskarane på UiT (sjå kontaktinfo under) eller at ein sjåast på informasjonsmøte i ditt nærområde!

Kontaktinformasjon: Leikny Bakke Lie, e-post: leikny.b.lie@uit.no, telefon: 92 86 55 06


Oppdatering 21/9:

Oppsummeringsmøte

Alle er velkomen til oppsummeringsmøte fredag 23. september. Her vil forskarane frå UiT fortelle om veka her i Ørsta, og kva som blir vegen vidare for prosjektet.
Tid og sted: Ørsta rådhus, møterom Ørstafjord, kl. 12:00.

Følg oss