Ørsta kommune har dei siste åra hatt for høg drift i forhold til rammene. Finansutgifter (renter og avdrag) tek ein stadig større del av driftsrammene. For 2024 utgjer netto finansutgifter kr 98 mill. Dette er ein auke på 26 mill. frå 2023 og kr 51 mill. frå 2022.
I tillegg til auka finansutgifter har vi fått reduserte statlege overføringar hovudsakleg knytt til at skatteutjamninga vart om lag 29 mill. lågare enn budsjettert. Dette skuldast lågare skatteinntekter i resten av landet der Ørsta kommune som låginntektskommune får kompensert skatteinntekter opp til 95 % av landsgjennomsnittet.
Totalt hadde tenesteområda i 2024 eit meirforbruk på kr 37,9 mill. (4,5 %) i forhold til budsjett.
Fleire detaljar kjem i årsrekneskapen og årsmeldinga som vert lagt fram for politisk behandling seinare i år. Større eller mindre endringar kan kome i samband med ferdigstilling og revisjon av rekneskapen.
Jan Inge Bueide, økonomisjef
Wenche Solheim, kommunedirektør