Forbod mot bålbrenning 15. april - 15. september

Klikk for stort bilete

Frå og med 15 april er det ikkje lov å gjere opp eld i nærleiken av skog eller utmark. Forbodet gjeld kvart år og gjeld i perioden 15 april til og med 15 september.

Sjølv om forbodet berre gjeld i nærleiken av skog eller utmark, har alle ei aktsamheitsplikt ved gjennomføring av aktivitetar som kan føre til brann. Denne gjeld heile året, også i eigen hage. Denne aktsomheitsplikta betyr at det er den som ønskjer å gjennomføre aktiviteten som kan medføre brann, som har ansvaret for at dette gjerast på ein forsvarleg måte.

Vi ber om at ein allereie no er varsom når ein tenner bål, og at ein har tilgjengeleg slokkemiddel. Det begynner å bli tørt i vegetasjonen også her i kommunen.

Om ein skal brenne bål gi beskjed til 110-sentral på tlf. 70 11 99 99 før det startar 

Fann du det du lette etter?