Folketalsvekst i Ørsta

 

Ørsta opplevde ein folketalsvekst på 96 personar i 2022, frå 10 833 til 10 929 innbyggjarar ved årsskiftet, noko som svarar til ein auke på 0,89%.

Tala frå SSB viser til eit fødselsoverskot på 26 personar og ein nettoinnflytting på 75 personar. Dette skulle gi ein folketalsvekst på 101, men er altså 96 i følgje SSB.

I fjerde kvartal av 2022 hadde Ørsta ein vekst på 15 personar, noko som svarar til ein auke på 0,14%. 

Sist Ørsta hadde så mange innbyggjarar var i 2019, rett før grensejusteringa. 

Ordførar Stein Aam - Klikk for stort bilete Marta Lystad Johansen

 

– Folketalsvekst er godt nytt! Det betyr auka tilgang på arbeidskraft og bidreg til vekst og utvikling. Ordførar Stein Aam ynskjer nye innbyggjarar hjarteleg velkomen til Ørsta!

Følg oss