AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Fire nye smittetilfelle

Klikk for stort bilete 
Ørsta fekk seint i går kveld meldt eit nytt tilfelle av Covid-19. I dag fekk vi svar på tre nærkontakter som også testa positivt.

  • Ein av dei smitta er tilsett på Bakk-Ola-marka og ni bebuarar og 11 tilsette er sett i karantene. Bakk-Ola-marka er stengt for besøk og all aktivitet blir stansa inntil vi har fått meir oversikt over situasjonen. Vi ber om forståing for dette.
  • Ein av dei smitta går på skule i Herøy og Herøy kommune tek seg av smittesporinga der.

Smittesporing pågår og vi kjem tilbake med meir informasjon. Smittekjelda er foreløpig ukjend. 

 

Symptom?

Har du symptom, minner vi om at du bør testast. Alle som skal testast MÅ ha avtale. Du kan bestille time til koronatest digitalt heile døgnet, eller på telefon måndag-fredag kl. 09.00 -14.00. Sjølve testinga foregår mellom kl. 09.00 -11.00.

Telefon for koronatest: 700 58 960

Bestill time til koronatest

Les mer om koronatest

Følg oss