Fire nye smittetilfelle i Ørsta 24.11

Ørsta kommune fekk seint tysdag kveld melding om fire nye smittetilfelle.

Smittevegen er kjent, og alle fire har samanheng med smitteutbrotet i Volda, Stad og fleire andre kommunar på Nordvestlandet.

To av dei smitta er tilknytt Ørsta vidaregåande skule. Ved smittesporing går vi 48 timar bakover frå fyrste symptom. Sidan ingen av desse har vore på skulen sidan fredag, er det ingen nærkontaktar på skulen som skal i karantene.

Dei to andre smittetilfella har til saman 10 nærkontaktar som er satt i karantene og vil bli testa.

Vi minner om at det framleis er eit smittetilfelle i Volda med ukjent smitteveg. Alle innbyggjarar må halde seg heime dersom dei skulle få symptom og bestille time til testing.