Ferie-SFO 2019

Klikk for stort bileteDet nærmar seg skuleslutt, og det betyr at det snart er klart for Ferie-SFO. 

Skulerute


Ferie-SFO i Ørsta kommune er lokalisert ved Velle skule. I sommarferien varer tilbodet frå skuleslutt og ut juni og frå 1. august til skulestart, med unnatak av kommunen si planleggingsdagar. Tilbodet vert også gitt i vinter- og haustferie. 

Born frå dei fleste skulane i Ørsta kommune nyttar seg av tilbodet, og det er dei tilsette frå skulane som arbeidar under feriane. Per i dag er det vel 35 born som er påmelde denne ordninga, og når det gjeld betaling så blir alle fakturert med kr 600,- i  9 1/2  mnd, dette etter ønske frå FAU ved skulane.

Dette har vore ei prøveordning i to år. Ordninga skal evaluerast i løpet av hausten

Fann du det du lette etter?