Ferie for alle – eit gratis ferietilbod til barnefamiliar med svak økonomi

Klikk for stort bilete  
Røde Kors i Møre og Romsdal arrangerar ferieturar for barnefamiliar som har dårlig økonomi, og ein vanskelig livssituasjon. 

Målet med turen er at familien skal få ei ferie- oppleving saman. Gi eit pusterom fra kvardagen der ein ikkje treng å bekymre seg for økonomien, og skape nettverk med andre familiar i same situasjon. Målgruppa er familiar med barn i barneskulen, altså mellom 6 og 13 år. Det er nok at eitt av barna i familien er i målgruppa.  

Sommaren 2019 blir det arrangert 3 turar fra Møre og Romsdal Røde Kors:

Tur 1 

22. til 27. juli går turen til idylliske Hauglandsenteret i Sogn og Fjordane. Her er det mange flotte utendørsaktivitetar, som kanopadling, fisketurar, hesteridning og eit eige bakehus. I tillegg har senteret iet eige innendørs svømmebasseng. 

Meir info


Tur 2 

29. juli til 2. august, går turen igjen til idylliske Hauglandsenteret i Sogn og Fjordane. Aktivitetene er dei same som i tur 1.


Tur 3

29 juli til 2. august går turen til fjells og Røde Kors plassen Merket i Valdres. Dette er i Oppland fylke. Her blir det mange aktivitetar i frisk fjelluft. Kanopadling, mesternes mester, elgsafari og eigen vikingleir er nokre av aktivitetane. 

Meir info

 

Påmelding:

Alle utgifter er dekt av Røde Kors, og det blir satt opp buss frå fylket som ein kan nytte seg av gratis. Reiseleiarar fra Røde Kors er med på turen. 
PÅMELDINGSFRIST ER 6. MAI 2019  

Meir informasjon om tilbodet og korleis ein søkjer finn de på /www.rodekors.no/ffa
Meir spesifikk informasjon om turane i Møre og Romsdal finn de på  www.rodekors.no/mr/ferieforalle  

Du kan også sende spørsmål på e-post til asbjorn.wille@redcross.no eller ringe 90 26 73 20.

Fann du det du lette etter?