Felles løft for ein tryggare barneidrett

I kvar einaste klubb er det barn som kjem på trening med ei vond hemmelegheit heimanifrå om at mamma eller pappa drikk for mykje alkohol. No lagar Ørsta IL retningsliner som skal gjere idretten trygg.

Ei fersk undersøking utført av Ipsos på vegne av Av-og-til syner at så mange som 82 prosent i Ørsta ønskjer retningsliner for alkohol i idrettslaget. Det tek dei på alvor i Ørsta IL. No lagar dei retningsliner for frivillige og tilsette i klubben.

Alkohol i idretten gjeld alle barn, og spesielt dei barna som veks opp med ei mamma eller ein pappa som drikk for mykje. Tal frå Folkehelseinstituttet syner at det gjeld nesten 1 av 10 barn.

-    Barneidretten er særs viktig for mange barn, og for dei som har det vanskeleg heime kan idretten utgjere den store skilnaden. Barn treng å møte trygge vaksne. Retningsliner for alkohol er derfor eit viktig førebyggjande tiltak, derfor ønskjer eg Ørsta IL lykke til med arbeidet dei no skal i gang med, seier ordførar Stein Aam.

Som Av-og-til kommune jobbar Ørsta aktivt for å forebyggje og redusere dei negative konsekvensane av alkoholbruk. Dialog og samarbeid med frivillige er eit viktig element for å skape eit tryggare lokalsamfunn.

-    I Ørsta IL skal barn møte ein trygg arena, utan alkohol og med nærverande og gode vaksne. Vi er også opptatt av at lagleiarar, støttespelarar og andre vert merksame på dei barna og gjer det dei kan for å hjelpe dei, seier Erlend Andersen, leiar i hovudlaget.

Arbeidsutvalet i ØIL jobbar fram retningsliner for alkohol som sak for hovudstyret i løpet av hausten. 
 

Følg oss