Feilparkeringar hindrar snøbrøyting

Klikk for stort bileteEtter snøfallet denne veka er det meldt om feilparkerte bilar som hindrar snøbrøytinga i kommunen. Vi oppmodar alle om å respektere skilt og vegtrafikklova. Det er ikkje lov å parkere på fortau og gang/sykkelveg. 

Om ein ikkje rettar seg etter gjeldande retningsliner kan det bli naudsynt å varsle politiet og flytte bilar som står ulovleg parkerte. Eventuell fjerning av bil skjer på eigar si rekning.

Fann du det du lette etter?