Endringar i tenestetilbodet til heimebuande i Ørsta kommune

 

Klikk for stort bilete   

Overordna føringar frå Helsedirektoratet

Helsedirektoratet har laga gode rettleiarar og kome med tilrådingar til kommunane om tilhøve vi må vere særskilt merksame på i samband med nødvendige endringar som vert gjennomført av smittevernomsyn i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Målsettingane er å hindre at mange vert smitta samstundes, då dette vil gå mest utover eldre eller andre med dårleg helse, men også for å sikre at vi alltid har nok helsepersonell som kan hjelpe dei som treng helsehjelp og omsorg frå andre. 
 

Plikt til prioritere

Helse og omsorgstenestene står i ein krevjande situasjon og fleire opplever å miste eller få mindre tenester enn før. Vi forstår at dette kan medføre ulemper og usikkerheit for enkelte. Kommunen er i ein unntakstilstand med omleggingar som medfører at det er færre tilsette som er tilgjengeleg på jobb. Vi ber difor om forståing for dei prioriteringane som er og vil bli gjort.

  • Prioritering betyr å gjere val.
  • Dei mest sårbare skal difor no ha størst merksemd !
  • Tiltaka vi gjer er retta inn mot dette.
     

Sikring av nødvendige helse- og omsorgstenester

Sjølv om tenestene for enkelte vert redusert eller fell bort, skal ingen oppleve å kome i ein kritisk helsesituasjon som følje av tiltaka. Dersom nokon opplever dette eller er uroa over andre sin situasjon, må ein ta kontakt med helsetenesta. Alle skal få nødvendige helsetenester.
 

Endring av tenestetilbodet

Det er venta at mange tilsynsoppgåver kan gjennomførast på nye måtar, eller at pårørande eller andre kan vere nettverk som er tettare på enn elles. 

Kommunen har no eit særleg ansvar for å sette inn tiltak som reduserer smitterisiko overfor dei med særleg dårleg motstandskraft. Vi pliktar også å vere spesielt merksame på eldre med demenssjukdom eller anna, som ikkje sjølv greier å ta i vare nødvendige smitteverntiltak.

For å få til dette har kommunen sett på helsedirektoratet sine råd, og gjort val som m.a medfører ein reduksjon i tenestetilbodet til heimebuande. Dette vert gjort av to omsyn:

  • Redusere mulig smittespreiing med færrast mulig kontaktpunkt
  • Bygge beredskap som gjer heimetenestene rusta til å takle eit mulig større smitteutbrot
     

Kommunale tenester og dugnad

Heimetenestene skal vurdere og prioritere kven som treng oppfølging og hjelp og korleis dette kan sikrast. Vurderingane vert gjort etter beste skjøn.

Vi må difor i tida framover i større grad enn før, støtte oss til pårørande som ein ressurs, slik at helsearbeidarane kan prioritere å hjelpe dei som manglar nettverk i nærleiken; personar med kognitiv svikt, demenssjukdom eller utviklinghemming.

Vi treng å minne kvarandre på at vi er i ein spesiell situasjon, men som vil gå over.

Signert av:

Stein Aam
Ordførar

Unni Natås
Kommuneoverlege

Wenche Solheim
Kommunedirektør

korona@orsta.kommune.no