Grunnlag: Ørsta kommunestyre vedtok 12. desember 2024 å endre organisering av drift av Aktivitetssenteret på Bakk-Ola-marka som ein del av Omstilling 2025.
Furene AS og Ørsta kommune har over tid vore samde om at Furene går ut som samarbeidspartnar med å drifte Aktivitetssenteret, då behova når avtalen vart inngått er annleis enn framtidas behov. Ørsta kommune ønsker eit aktivitetssenter som ikkje berre er ope 4 timar på kvardagar, men også på kveld, helg og høgtid.
Samarbeidet mellom Ørsta kommune og Furene AS, i dagens form, opphøyrer 1. februar 2025. Ørsta kommune lyser ut etter prosjektmedarbeidar, og god medverkanadsprosess vert i regi av den rolla for å utvikle det framtidige aktivitetssenteret.
Periode utan normal drift
Konsekvensen av dette er at det i ei periode ikkje vert normaldrift, men noko mindre aktivitet til ein får på plass ein prosjektmedarbeidar som skal jobbe med “det nye aktivitetssenteret”.
I månadane februar og mars vil ein difor ikkje få tilgang til følgjande aktivitetar på Bakk-Ola-marka:
- matservering
- bingo
- sangstund
- matsal
- sal av batteri
Ved endringar vil dette bli annonsert.
Aktivitetar som går som normalt:
- Demenskoret sine øvingar
- fotpleie
- frisør
For dei som har gjort avtale om leige av lokale i perioden så vil dette gå som planlagt.
Spørsmål
Spørsmål om utleige og Aktivitetssenteret kan rettast på e-post til tenesteleiar Guro Bakke Liaskar.
– Vi håper no å bruke litt tid til å byggje eit tilbod som treff fleire av innbyggjarane i kommunen.
Audhild Mork, kommunalsjef helse, omsorg og velferd
Guro Bakke Liaskar, tenesteleiar bu og habilitering