Endra køyremønster på delar av Mosmarkvegen

Kart mosmarkvegen - Klikk for stort bilete  

Frå og med i dag, tysdag 30.06, vert delar av Mosmarkvegen forkøyrsregulert.

Dette gjeld strekninga frå krysset mot Dalevegen til rett sør for krysset mot Øvremovegen. Det vil seie at alle som kjem frå sidevegar og skal inn på Mosmarkvegen på denne strekninga vil ha vikeplikt for køyrande på Mosmarkvegen.

Bakgrunnen for ny skiltplan er mellom anna at det i detaljreguleringsplan «Pettermarka» ligg inne som rekkefølgjekrav at Mosmarkvegen skal forkøyrsregulerast frå krysset ved fylkesveg 655 til Øvremovegen før det vert gjeve bruksløyver til leilegheitene omfatta av reguleringsplanen då desse skal ha tilkomst frå Mosmarkvegen.